Sagaparken Panorama, Sagaparken, og Sagastad
Namnet vårt – Sagaparken Panorama, fekk vi laga på bakgrunn av den sterke vikinghistoria vår, og med tanke på det flotte Sagastadsenteret som ligg rett ved Sagaparken. Vi er veldig stolte av å vere ein del av det nye Sagaparken-området. Eid sin nye «bydel».
2019 vart det første året for Nordfjordeid som cruise-destinasjon. For den som likar store skip, så er Sagaparken Panorama den rette plassen å bu på; Her kan du stå på terrassen å ta imot – og ta farvel med – dei gedigne skipa, som ligg berre eit steinkast unna når dei er i hamn. Port of Nordfjordeid er iløpet av eitt år blitt ein populær desinasjon.
Elles har Eid svært mykje anna godt å by på. Tenk berre på Opera Nordfjord, Operahuset med arrangement og aktivitet året rundt, Malakoff Rockfestival, Elskhug og Eksis – eit historisk spel basert på militæraktiviteten på 17-1800-talet, Eidsgata og handel elles, skule- og helsetilbod for eit vidt omland, hingsteutstilling og hestesenter, skisenter, reiseliv og anna næringsliv. I dag er Eid inne ein positiv periode med rivande utvikling, noko som gjer Eid til ein attraktiv stad – den rette staden å busetje og etablere seg på.
Med den nye Sagaparken, Sagastad, Amfisenteret og Sagaparken Panorama tett ved sjøkanten, vender Nordfjordeid no seg på nytt mot fjorden i vest og er med og skapar ei ny historie i Eid.