Sagaparken Panorama er blitt ein suksess. Vi er stolte av å kunne meddele at vi no startar salet på tredje byggetrinn – byggetrinn C. Nytt bygg, nye leiligheter, men med same fantastiske utsikt mot Eidsfjorden, og med beliggenheit tett opp til Sagastadsenteret og den vakre Sagaparken.
Her vil du kunne velge mellom 17 lyse og moderne leiligheiter – heilt i sjøkanten på Nordfjordeid sin beste vestkant. Bygget har eige parkeringsanlegg og heis opp til leiligheitene.
Sagaparken, det nye parkanlegget rett ved leilighetene, er blitt ein ny – grøn møteplass for nærturar, leik og moro for små og store.
Her finn du badestrand, sandvolleyballbane, grillplass og treningsinstallasjonar. Skulle du ønske å oppleve kultur og vikinghistorie, så ligg Sagastad
senteret vegg-i-vegg med leilighetsbygget.
Ynskjer du heller fred og ro, så kan du trekke deg tilbake på di eiga terrasse. Her kan du nyte fjorden, fjella og det levande uterommet, eller du kan opne dei store skyvedørene for å sleppe naturen inn. Kanskje det er slik du ynskjer å leve det enkle liv?